Kjøkken og bad

Bad å trivast på

Leilegheitene skal gje deg gode opplevingar – ikkje berre utandørs. Du skal ha det godt når du er her. Alle bad har keramiske fliser, golvvarme, dusjhjørne, downlights og vegghengt toalett. På våre bad er velvære nøkkelordet. Leverandør av baderom er Bademiljø.
 

Kjøkkenet – der alle samlast

Alle kjøkken har open løysing og blir fort det naturlege midtpunktet i leilegheiten. Her kan du laga god mat i eit kjøkken som er praktisk og moderne. Oppvaskmaskin, kjøl/frys, keramiske kokeplater og steikeomn inngår sjølvsagt i alle kjøkken. Alle kvitevarer er integrerte, og det er høge overskap på alle kjøkken. Kjøkken vert levert av Designhuset Sogn.